Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Sten Ingve Hellevang
Captain
Fødd 1973
Vaks opp i Florø som den eldste av tre brør. Utdanna Automasjonsingeniør ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (Førde). Flytta til Oslo i 1997 og jobbar der i firmaet PLS-teknikk a/s. Kjøpte ein 22 fots Columbi 66 seglbåt i 2003, og oppdaga fort at båtlivet auka trivselen i storbyen. Er ein roleg og sindig kar med stabilt godt humør. Ein triveleg fyr i komfortabel pakning:-)
Den relevante erfaringa for å leggje ut på ein slik tur kunne ha vore betre, men stolar på at sunt bondevett og respekt for vær og vind skal føre oss trygt i veg. Har vakse opp med jamn tilgang til båt og båtliv, men starta ikkje med segling før etter eit seglkurs og innkjøpet av Columbien i 2003.
Er oppteken av å skape eit godt og trygt miljø ombord, der terskelen for å gje beskjed om ein kjenner seg utrygg eller usikker skal vera låg. Skal nyte livet dette året, og er innstillt på at turen skal gå i det tempo som mannskap og været tillet undervegs!
Arnt Harry Hellevang
1st Mate
Fødd 1978
Som kapteinen er og Arnt oppvaksen i Florø, men motsett av kapteinen er Arnt yngstemann i søskenflokken. Ung og sprek! Først utdanna til elektromontør med gruppe L sertifikat, ei utdanning som seinare vart utbygd med to år på teknisk fagskule. Jobbar i dag som sakshandsamar i Sønnico Installasjon i Florø. Har og bakrunn frå politikken, der han mellom anna har vore ein periode i bystyret i Florø. Ein sosial og triveleg fyr som etter ein ankerdram eller to gjerne frontar utforskinga av nye havner, land, kulturar og menneske.
Oppvaksen med båt og båtliv, men hadde knapt sett sine bein i ein seglbåt før turen vart avtala. Meldte seg då på seglkurs i Florø Seilforening, og har etter det delteke som mannskap på tirsdagsregattane i Florø. Har med si lange praktiske røynsle frå fagfeltet straum fått jobben som skipselektrikar. Kapteinen er glad for at han og har teke ansvar for å bli masteklatrar:-)
Er oppteken av at turen skal nytast og at båten skal bli ein fristad frå stress og mas. Er på line med kapteinen når det gjeld det sosiale aspektet. Bidreg med trygg og roleg framferd, og er ein god ambasadør for godt sjømannskap!